top of page
SognefjordCabins-6.jpg

Reise

Korleis komme seg til Balestrand?
Balestrand ligg ved Esefjorden i Sogn. Det er mange reiseruter og kombinasjonar å vurdere når ein reiser til Balestrand. Denne sida gir deg ei oversikt. 

Ekspressbåt frå Bergen eller Sogndal

Dersom du reiser frå Bergen eller Sogndal kan du reise direkte til Balestrand med ekspressåten. Denne ruta er tilgjengeleg heile året. For meir informasjon og billettar, sjå Norled.no

Fly

Dei to nærmaste flyplassane til Balestrand er Haukåsen i Sogndal (65 km) og Bringeland i Førde (90 km). Bilettar kan kjøpast hos SAS.no. Ein kan så fortsette vidare til Balestrand med buss, og frå Sogndal også med båt.

Reise via Flåmsbana

Dersom du reiser frå Oslo eller Bergen, kan du ta toget til Myrdal på Bergensbanen. Frå Myrdal kan ein reise med Flåmsbana; ein spektakulær 45-minuttars togreise som endar nede i Flåmsdalen. Dette blir rekna for å vere ein av dei vakraste jernbanestrekningane i verda. Herifrå kan ein fortsette til Balestrand med ekspressbåt. Togbillettar er tilgjengeleg på NSB.no.
 

Merk: Ekspressbåtholdeplassen ved Flåm er vanlegvis berre betjent på sommarstid. Besøk Norled.no for oppdaterte rutetabellar. 

Buss

Gode bussforbindelsar kan variere veldig utifrå kvar ein reiser frå, og når.
Vårt råd er å alltid undersøkje  Nor-way.no og Nettbuss.no, og eventuelle kombinasjonar av rutene deira. 

Kart

Nedanfor finn du eit utvalg av kart som viser kvar hyttene ligger. Klikk på bileta for å sjå forklaringa og for full størrelse.

bottom of page